Gå til hovedinnhold

SPADEN MÅ GÅ JAMNT -Rui-jentene som møtte Kongen


Torsdag 28.03.19 klokka 19:00

Historia om dei to små systrene Ingerine og Gurine Schevenius, frå den vesle plassen Rui på Dalen i Telemark, som kom til kongen, var kjend og kjær i si samtid, og ho vekker framleis gjenklang hos mange.

Ingerine og Gurine fann glede i det enkle livet på Rui.

Sjølv om dei hadde midlar til å gjera arbeidet lettare, levde dei etter sin fars filosofi om nøysemd.

Kva er det me moderne menneske ikkje kan sjå, men som dei så klart og tydeleg såg, der dei streva og arbeidde oppe på sitt vakre, men akk så enkle og gamaldagse Rui?

Og korleis blir to syskjen forma av kvarandre etter å ha levd eit langt liv i tosemd, og i gjensidig avhengnad?

I førestillinga får ein møte systrene heime på Rui, og får vera med på den store reisa frå Dalen til Oslo.

 

Me ynskjer å gje publikum eit nært, varmt, og ekte møte fylt med humor, og til undring og ettertanke.

Kjøp billett her