Gå til hovedinnhold

Ingebjørg Lognevik Reinholdt og Mala Fama - Lørdag 23. september


Laurdag 23. september kl. 19.00 gjestar Kvedaren Ingjebjørg Lognevik Reinholdt og trion Mala Fama Rjukanhusets Storesal med plata "Songen om Guro" og konsertforestillinga "Guro Heddelid"

Billetter kan kjøpes her

Gjennom Ingebjørgs varme og stemme og trioens stemingsfulle spel, får publikum oppleve historia om Telemarks eigen femme fatale. Forestillinga tek utgangspunkt i Jørund Telnes' dikt om livet til fagre Guro frå den rike Heddelidsgarden i Seljord, som hadde ei sjeldan tiltrekkingskraft på menn frå nær og fjern, men som aldri klarte å bestemme seg. Dette er historia om friarane som kjempa blodige og vitlause slag for å vinne hjarta hennar. Og det er historia om ei tid som nådelaust let draumar bli skuggar, og som ikkje tilgjev unge hjarte som vel feil. Samstundes er det ein historie mange kan kjenne seg att i; om ho eller han som glapp, men som du aldri gløymer. For det er alltid håp.

Medverkande:

Ingebjørg Lognevil Reinholdt ( folkesang/dramatisering): Ingebjørg er ein unik kvedar med djupe røtar i Telemarkstradisjonen og eit hjarte for formidling av vakre historier.

Sarah Jane Summers (bratsj/fele): Sarah Jane er en anerkjent skotsk felespelar, som har en sterkt tradisjon frå the Higlands. Ho komponerar eigne slåttar og har gitt ut fleire kritikerroste album.

Juhani Silvola (gitar/elektronikk): Juhani er ein av få profilerte gitaristar i Norge som jobbar med arrangert folkemusikk, og leverar ein unik sound. JuhanI har medverka på et tjugetals utgjevingar blant anna Higasakite: både som musikar, lydmann og produsent. 

Morten Kvam (bass/vokal) Morten er ein av Norges mest kreative og allsidige bassistar, og turnerar med store namn innan visepop - og folk/bluessjangeren som bla-. Daniel Kvammen og Anne lise Frøkedal.

Sigurd Ytre-Arne (Live visuals): Sigurd er både musiker og videokunstnar, og har gjort live visuals for anerkjente band og artistar i Jazz og popsjangeren i mange år., I denne forestillinga har han laga bakteppet - grafikken som set stemningane, fungerar som aktmarkør og som spelar på lag med dramatikken i Guros liv.

 

Rjukanhuset - Storesal Laurdag 23. september kl 19.00

Billetter kan kjøpes her

Voksne: kr. 200

Barn til og med 16 år: kr. 50

Student/elev: kr. 100